Marte Olsbu () er ein norsk skiskyttar frå Froland som vart verdsmeister i 4 x 6 km stafett og vann bronsemedalje i mixstafett under VM i skiskyting 2016 i Oslo. Ho er medlem av Froland Idrettslag.

Olsbu debuterte i verdscupen i skiskyting i 2014-sesongen. Ho vart nummer sju på jaktstarten i Östersund 6. desember 2015, hennar beste plassering i verdscupen. Under VM i skiskyting 2016 i Oslo gjekk ho ein god opningsetappe for det norske laget som tok bronsen i mistafetten. Laget bestod elles av Tiril Eckhoff, Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Åtte dagar seinare gjekk ho Noregs lag i kvinnestafetten inn til VM-gull, etter at Synnøve Solemdal, Fanny Horn Birkeland og Tiril Eckhoff hadde sendt henne ut i leiing på den fjerde og siste etappen.

Olsbu vart norsk meister i 15 km normalprogram i 2014 og i 7,5 km sprint i 2015.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Marte Olsbu» frå , den 11. mars 2016.

IBU-profil

Bakgrunnsstoff VG-oppslag om Marte Olsbu

Kategori:Norske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2018 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2022 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2022 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2015 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2016 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2017 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2019 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2020 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2021 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2023 Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Kongepokalvinnarar i skiskyting Kategori:Folk frå Froland