Vigfus Viga-Glumsson (Vigfúss Víga-Glúmsson) var ein islandsk skald som levde omkring år 1000. Han kan ha vore fødd om lag 955 og døydde truleg etter 1015.

Far hans var Viga-Glum EyolfssonLandnåmabok om Viga-Glum, sjå 70.kafli (Draps-Glum), om han finst det ei eiga soge: Víga-Glúms sogaVigaglums Saga dansk tekst frå heimskringla.no. Vigfus er omtala både i denne soga og i to andre islandske soger: Tåtten om Ogmund DottTåtten om Ogmund Dott dansk tekst frå heimskringla.no og Soga om LjosvetninganeSoga om Ljosvetningane dansk tekst frå heimskringla.no. Han er òg nemnd i Soga om Olav Tryggvason, Jomsvikingsoga og i Fagerskinna.

Vigfus blir skildra som ein djerv mann, men uroleg av karakter og særs stridbar. På grunn av eit manndrap på Island, vart han dømd fredlaus i nokre år. Han drog då til Noreg, der han slutta sig til Håkon jarl. SkaldatalSkaldatal frå heimskringla.no nemner han som skald hos Håkon jarl og truleg var han seinare skald hos Eirik jarl. Han var med i slaget i Hjørungavåg (Jomsvikingslaget) i 986, der han gjorde dette diktet: God leik er for oss i vente, heime ligg kvinnevenen; sverdstrid sterkt seg nærmar; den kvinnekjære seg hyggjer, lunt under kvinnearm. Vi steller våre spyd, annan strid han seg ventar. Oss es leikr, en lauka liggr heima vinr feimu, — þryngr at Viðris veðri vandar — góðr fyr hǫndum. Hlýs kveðk hœlis bósa — hann væntir sér annars — vífs und vǫrmum bœgi — vér skreytum spjǫr — neyta.

Vigfus var truleg òg med Eirik jarl i slaget ved Svolder, men deretter ser det ut til at han reiste attende til Island for godt. Han er nemnd som stamfar for ei mektig slekt i Øfjorden på Island. Når han døydde er ikkje kjent.

Kjende dikt av Vigfus Viga-Glumsson er Dikt om Håkon jarl og Lausavise (sjå ovanfor). Referansar

Bakgrunnsstoff Det norrøne fyrstediktet av Bjarne Fidjestøl, Bergen 1982 Den norsk-islandske skjaldedigtning v/Finnur Jónsson (red.), København 1912–15 Víga-Glúms saga Store norske leksikon

Dikt av Vigfus Viga-Glumsson Dikt om Håkon jarl frå Skaldic Poetry Lausavise frå Skaldic Poetry

Kategori:Islandske skaldar Kategori:Folk frå vikingtida Kategori:Islendingar frå norrøn tid Kategori:Folk i islendingesogene Kategori:Folk i Heimskringla