Augusta Julie Georgine Stang () var ein norsk journalist og politikar. Ho var stortingsrepresentant frå Oslo for Høgre i perioden 1931–1933.
Liv og virke Augusta Stang tilhøyrde Stang-slekta frå Halden. Ho var fødd i Christiania| som dotter av høgrestiftaren, høgsterettsassessoren og statsministeren Emil Stang d.e. (1834–1912) og kona hans Adelaide Pauline Berg (1840–1931). Ho var òg syster av professoren og statsråden Fredrik Stang d.y. (1867–1941) og av høgsterettsjustitiarius Emil Stang d.y. (1882–1964).
Augusta Stang tok seminareksamen i 1896 og verka nokre år som lærer i Christiania. Frå 1912 arbeidde ho i Aftenposten der ho skreiv spesielt om sosiale spørsmål under merket «Argus». Ho gav støytet til Aftenposten sine årlege «Argus»-innsamlingar og «Arguslotteriet» til inntekt framfor alt for «pauvres honteux» (ubemidla danna). Dette sosialomsuttiltaket spelte ei stor rolle i hovudstaden i meir enn ein mannsalder (1916–1986). Etter henne var den seinare sjefredaktøren for avisa, Einar Diesen, drivkraft bak «Arguslotteriet». Han utgav òg Kabalboken med betydeleg suksess i 1941, som Augusta Stang hadde utgjeve eit kvart hundreår før han på Damms Forlag. I tillegg til Kabalboken gav ho òg ut Norsk læsebok for barneskolen (Cappelen 1906) saman med Yngvar Brun og systera si Adelaide Stang. Ho var òg aktiv som omsetjar.
Augusta Stang representerte Høgre i Oslo Bystyre i 12 år (1920–1932), og i 9 år var ho i Formannskapet. Ho var den første kvinna i vegnamnkomiteen, og òg med i Skulestyret og i Barneforsorgskomiteen. Ho var med i fleire internasjonale kongressar for barneforsorg. I 1928 vart ho medlem av Høires Centralstyre, og i perioden 1931-33 representerte ho Oslo på Stortinget som den andre Høgre-kvinne på fast plass i historia. Augusta Stang hadde formannsvervet i Høyrekvinners Landsforbund i 10 år (1927–1937).
Bibliografi
Omsetjingar Albert Ludwig Grimm: Jason og det gyldne skind, Cammermeyer, 1910 Albert Ludwig Grimm: Toget mot Troja, Cammermeyer, 1911 Howard Pyle, Væbner og ridder, Kristiania, 1912 Kate Douglas Wiggin, To smaa hjemløse, Damm, 1918 Florence Montgomery, Misforstaat, Steenske, 1920 Joseph A. Altsheler, Vildmarkens søn, Aschehoug, 1921
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Augusta Stang» frå , den 21. desember 2015.
Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre