Ingusjisk er eit dagestansk språk som blir snakka av rundt 405 000 ingusjarar i den russiske republikken Ingusjetia.

Ingusjisk utgjer saman med tsjetsjensk og batsisk greina nakh-språk i den dagestanske språkfamilien. Det er likevel berre tsjetsjensk og ingusjisk som er innbyrdes forståelege.

Frå og med tidleg på 1900-talet vart språket skrive med det arabiske alfabetet. Ei tid etter oktoberrevolusjonen, frå og med midt på 1920-talet bytte brukarane til det latinske alfabetet, som seinare vart erstatta av det kyrilliske, alt dette i pakt med den til ei kvar tid rådande sovjetiske språkpolitikken.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ingusjisk» frå , den 20. november 2015.

Kategori:Dagestanske språk Kategori:Språk i Russland Kategori:Einskildspråk