Donald Clark «Donny» Osmond () er ein amerikansk songar, skodespelar, dansar, radiopersonlegdom og tidlegare tenåringsidol. Osmond har òg vore programleiar, plateprodusent og forfattar. I midten av 1960-åra vart han og fire av dei eldre brørne hans kjende som the Osmonds. Osmond gjekk solo tidleg i 1970-åra og fekk hittar som «Go Away Little Girl» og «Puppy Love».

Over ein periode på 30 år var han og den yngre systera Marie kjende som Donny & Marie, mellom anna på grunn av varietéserien som gjekk 1976–79 på ABC. Duoen hadde òg eit prateshow i 1998-2000 og har halde konsertar i Las Vegas sidan 2008.

Frå juli 1992 spelte Osmond Joseph i musikalen Joseph and the Amazing Technicolor Dreamcoat. I 2009 vann Osmond den niande sesongen av Dancing with the Stars.

Diskografi The Donny Osmond Album (1971) To You with Love, Donny (1971) Portrait of Donny (1972) Too Young (1972) Alone Together (1973) A Time For Us (1973) Donny (1974) Disco Train (1976) Donald Clark Osmond (1977) Donny Osmond (1989) Eyes Don't Lie (1990) Four (1997) This is the Moment (2001) Somewhere in Time (2002) What I Meant to Say (2004) Love Songs of the 70s (2007) The Soundtrack Of My Life (2014)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Donny Osmond» frå , den 29. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske barnesongarar Kategori:USA-amerikanske countrysongarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske klaverspelarar Kategori:USA-amerikanske saksofonistar Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske programleiarar Kategori:USA-amerikanske musikalartistar Kategori:USA-amerikanske popsongarar Kategori:Dancing with the Stars-deltakarar i USA Kategori:Musikarar frå Utah Kategori:Folk frå Ogden i Utah Kategori:The Osmonds-medlemmar