Walter «Walt» Parazaider () er ein USA-amerikansk sakofonist, mest kjend som opphavleg medlem i rockebandet Chicago. I tillegg til saksofon, som han vanlegvis spelar, spelte han òg fleire andre blåseinstrument i bandet, som klarinett.
Biografi Parazaider vart fødd i Chicago og byrja å spele klarinett då han var ni år gammal. Som tenåring vart talentet hans dyrka for å spele i profesjonelle orkester og han byrja å gå på DePaul University med klassisk klarinett.
Inspirert av Beatles-hitten «Got To Get You into My Life», ønskte Parazaider å skape eit rock 'n' roll-band med blåserekkje. Med i ei tidleg utgåve av bandet, heime hos Parazaider var gitaristen Terry Kath og trommeslagaren Danny Seraphine, som begge var vener frå tenåra. Ein annan ven som vart involvert i det framtidige Chicago var produsenten James William Guercio.
Bandet, som opphavleg vart kalla The Big Thing, vart etter kvart Chicago i lag med Lee Loughnane på trompet, James Pankow på trombone, Robert Lamm på klaverinstrument og Peter Cetera på bass. Den viktigaste rolla til Parazaider i bandet var å spele treblåseinstrument, arrangert av James Pankow. Parazaider skreiv ikkje mange songar for Chicago, men bidrog med «It Better End Soon: 2nd Movement», «Free Country», «Aire», «Devil's Sweet» og «Window Dreamin'».
Parazaider spelar mellom anna ein fløytesolo på Chicagohitten «Colour My World», som vart ein populær «slow-dans» på studentball i USA i 1970-åra.
I 2008 vart han æresdoktor ved DePaul University.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Walter Parazaider» frå , den 20. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Chicago - offisiell nettstad
Kategori:USA-amerikanske saksofonistar Kategori:USA-amerikanske jazzsaksofonistar Kategori:USA-amerikanske rockesaksofonistar Kategori:USA-amerikanske fløytistar Kategori:USA-amerikanske jazzfløytistar Kategori:USA-amerikanske klarinettistar Kategori:USA-amerikanske jazzklarinettistar Kategori:Chicago-medlemmar Kategori:Musikarar frå Chicago Kategori:Elevar ved DePaul University