Andrea Henkel () i Ilmenau i Thüringen i Tyskland, (DDR)) er ein tysk skiskyttar. Ho er to gonger olympisk meister og ein gong verdsmeister i skiskyting.
Henkel voks opp i Großbreitenbach i Thüringen, og stod på langrennsski første gong som fireåring. Ho lærte å stå på ski i vintersportsområdet Oberhof, og byrja på sportsgymnas der i 1991. Ho vart fleire gonger junior-verdsmeister og -europameiser. I 1996 tok ho abitur (artium) og gjekk inn i den tyske hæren si sportsavdeling.
I OL i Salt Lake City i 2002 vann ho to gull, på 15 km og med stafettlaget. Ho hadde frå før sølv i VM frå 2000 og 2001 i stafett. I 2005 vart ho verdsmeister på 15 km i Hochfilzen - hennar fjerde verdscupsiger. I 2011 vart ho tildelt Holmenkollmedaljen.
Andrea Henkel er søster til Manuela Henkel, som er olympisk meister på stafett i langrenn frå 2002.
Kortfatta merittliste (per 28. februar 2006) Verdscupen samanlagt: Beste plassering: 1. plass (2006/07); 5. plass (1999/2000 og 2000/01) Verdsmeisterskap: 6 gull (15 km (2005); fellesstart og stafett (2007); sprint, jaktstart og stafett (2008)), 3 sølv Olympiske leikar: 2 gull (15 km og stafett, 2002), 1 sølv Verdscuprenn: 14 gull, 11 sølv, 8 bronse
Bakgrunnsstoff Andrea Henkel si offisielle nettside Andrea Henkel sin fanklubb
Kategori:Tyske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2006 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2010 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2014 Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen