Irbid (arabisk إربد), i oldtida kalla Arabella eller Arbela, er den største byen og det administrative senteret i Irbid guvernement. Han dannar òg det nest største storbyområdet i Jordan etter Amman, med eit folketal på kring 1 088 100. Byen ligg kring 70 km nord for Amman på den nordlege ryggen av Gilead, mellom Pella, Beit Ras (Capitolias) og Um Qais.
Byen Irbid er den tredje største i Jordan etter folketal (etter Amman og Zarqa), medan storbyområdet til Irbid er det nest største.
Byen er eit stort trafikknutepunkt mellom Amman, Syria i nord og Mafraq i aust.
Historie mini|venstre|Keramikk frå bronsealderen i Irbid arkeologiske museum. Ein har funne lekamar og graver som syner at Irbid har vore busett sidan bronsealderen. Ved Tell Irbid er det funne kearmikk og bitar av murar som er estimert til å vere frå 3200 fvt.[Lenzen, C. J.; Gordon, R. L.; and Mcquitty, A. M. 1985; Excavation at Tell Irbid and Beit Ras, 1985. ADAJ. Vol 29, Pp 151 – 159] I hellenistisk tid var Irbid, som då vart kalla Arabella, eit stort handelssenter. Før islam kom til området, var Arabella kjend for å produsere nok av den beste vinen i den gamle verda. Området har særs frodig jord og moderat klima, som gjer at ein kan dyrke vindruer av høg kvalitet.
Etter den muslimske erobringa vart byen kjend som Irbid, og vinproduksjonen gjekk over til olivenoljeproduksjon. Kveite er òg eit viktig produkt i området.
Irbid ligg nær åstaden for det avgjerande slaget ved Yarmouk, som vart utkjempa langs breidda av Yarmouk kring 30 kilometer nord for byen. Slaget vart utkkjempa mellom det islamske kalifatet leia av Umar og Austromarriket. Det var starten på slutten for den bysantinske tida i regionen Syria og byrjinga på ekspansjonen til det islamske kalifatet.
I dag Irbid er i dag ein travel provinsby i Midtaustenmed eit yrande natteliv som er typisk for ein universitetsby. Byen har fire store universitet: Yarmouk universitet, Jordan vitskaplege og teknologiske universitet, Irbid nasjonale universitet og Jarada universitet. I tillegg har det to universitetsområde for Balqa tekniske universitet og fleire private høgskular.
Sjølv om staden ikkje er ein stor turistdestinasjon i seg sjølv, har Irbit to kjende museum: Museet for jordansk arv og Jordan naturhistorisk emuseum, begge på området til Yarmouk universitet. I tillegg ligg Irbid fint plassert som utgangspunkt for turar i det nordlege Jordan, med kort avstand til Jordandalen, Umm Qais, Beit Ras (Capitolias), Pella, Ajloun, Umm el-Jimal, og andre historiske stader, eller for reiser inn i Syria.
Geografi
Irbid ligg nord i Jordan, på ei frodig slette. I 2010 hadde Irbid eit areal på 30 km2 der meste var klassifisert som bustadområde.
Grensebyar Um Qais Al koura Mafraq Ar Ramtha
Klima Irbid har eit middelhavsklima (Köppen-v Csa), som er vanleg i Levanten. Somrane kan bli særs varme, med milde og varme netter, medan vintrane kan vere kjølige og våte.
Distrikt i Stor-Irbid kommune Irbid er delt inn i 23 bydelar som utgjer mindre byar innafor storbyområdet til Irbid: mini|Jordan vitskaplege og teknologiske universitet Distrikt Distrikt Distrikt 1Al-Taybeh 9 Soom 17 Murow 2Al Husn 10 Hakama 18 Mughayer 3 Al-Rabia 11 Hashemiyah 19 Naser 4 Al-Sareeh 12 Hawar 20 Rowdah 5 Barha 13 Huwwarah 21 Sal Area 6 Beit Ras 14 Kitim 22 Nu'aimah 7 Bushra i Jordan 15 Kufr Jayez 23 Nuzha 8 Edun 16 Manarah ( hatim ) mini|Huwwarah
mini|Safeway kjøpesenter i Irbid mini|Prins Hassan ungdomsby. mini|Al-Arabi sportsklubb i Irbid mini|Yarmouk universitet.
Byar og landsbyar Det ligg mange landsbyar kring byen Irbid, inkludert: Malka (ملكا) Al-Taybeh (الطيبة) Natfeh (ناطفه) Habaka (حبكا) Kufr-Rahta (كفررحتا) Al-Mazar Al-Shamali (المزار الشمالي) Hareema (حريما) Al'aal (علعال) Kufr Asad (كفرأسد) Kufr Aan (كفرعان) Jumha (جمحة) Kufryuba (كفر يوبا) Zahar (زحر) Qum (قمّ) Sammou' (سمّوع) Izmal (زمال) Kufrelma (كفر الماء) Sawm (سوم) Saydoor (صيدور) Kufr Soom Sama al-Rousan (سما الروسان) Ibser Abu Ali Assarieh (الصريح) Aidoon Al Husn Baleela Beit Ras (بيت راس) Dowgarah En-Nu`aymeh Habaka Houfa Al-Westiyyah Qumaim Bushra i Jordan Huwwarah Imrawah Al Ramtha Sal Samad (صمد) Al Shajara Al Turrah Hatim (حاتم) Fou'ara Zoubia Jdaita Rehaba Kufor Alma (كفرالماء ) Kharja Dair Yousef Dair Abos'eed Kufor Kefia Summer E'nbeh Bayt Yafa (بيت يافا) Dair Esse'neh (دير السعنة) Mandah Marw (مرو) Zabda Bait Idis (بيت ايدس) Makhraba (مخربا)
Utdanning I 2007 var det 70 000 registrerte studentar i Irbid sine 10 universitet, høgskular og institutt.تقرير Ø§Ù„ØØ· الاساسي الاقتصادي لاربد-2007 Dei største universiteta i Irbid er: Yarmouk universitet Yarmouk universitet Jordan vitskaplege og teknologiske universitet Jordan University of Science and Technology Irbid nasjonale universitet Irbid National universitet Al-Balqa` tekniske universitet (Irbid campus) Balqa' Applied universitet Jadara universitet Jadara universitet
Idrett Den Irbid-baserte klubben Al-Hussein i Irbid hamna på fjerde plass i den jordanske eliteserien i 2008.
Venskapsbyar Iaşi i Romania Gaziantep i Tyrkia Zhengzhou i Kina
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Irbid» frå , den 5. oktober 2015. oppgav desse kjeldene: El-Khouri, Lamia, «Roman and Byzantine Settlements in the Region of West Irbid», Palestine Exploration Quarterly, 139,3 (2007), 166-185.
Bakgrunnsstoff Irbid News Stor-Irbid kommune Irbid Guide
Kategori:Busetnader i Irbid guvernement Kategori:Byar i Jordan