Wadi Fukin (arabisk وادي فوقين) er ein palestinsk landsby på Vestbreidda, åtte kilometer sørvest for Betlehem i Betlehem guvernement. Landsbyen ligg mellom Den grøne linja og Israel si sperring på Vestbreidda.Settlement expansion and loss of Wadi Fukin’s land Applied Research Institute - Jerusalem. 2005-05-23 I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Wadi Fukin eit folketal på over 1 168 i 2007.2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.117.

Historie Ein har gjort funn frå antikken i området, som ruinaen av eit kapell, cisterner, gravholer i berget, kolumbarium og bysantinsk keramikk.Dauphin, 1998, s. 915

Osmansk tid I 1596 stod Wadi Fukin oppført i osmanske skattelsiter som Fuqin, og ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Folkesetnaden var på 20 hushaldningar, berre muslimar, som betalte skatt for kveite, bygg, oliven, druesirup/melasse, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 116

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsby i 1863, som han skildra som «delvis i ruinar», med berre få innbyggjarar. Han fann fleire eldgamle gravholder hogde ut i berget.Guérin, 1869, s. 321

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund landsbyen i Survey of Western Palestine som Wad Fukin og «ein liten steinlandsby i ei åsside, med ei god kjelde i dalen nedanfor i sørvest. Det ligg hagar med appelsinar og sitronar nær kjelda. Vest for landsbyen er det hogde ut gravholer. I aust ligg ei anna kjelde, Ain el Keniseh.»Conder og Kitchener, 1883, s. 27

Det britiske mandatet period I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Wadi Fukin eit folketal på 149, alle muslimar.Barron, 1923, Table VII, Subdistrict of Betlehem I folketeljinga i 1931 var folketalet i Wadi Fukin 205, framleis alle muslimar, i 45 busette hus.Mills, 1932, s. 35

I 1945 hadde Wady Fukin 280 innbyggjarar, alle arabarar, som eigde 8 631 dekar land i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 58 Av dette var 226 dekar var plantasjar og irrigert land, 863 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 104 medan 6 dekar vart utbygd (urbant) land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 154

Etter 1948 Før den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Wadi Fukin raida av Haganah fleire gonger, og mange innbyggjarar flykta til Dheisheh-leiren like sør for Betlehem. Dei kom heim att under jordansk okkupasjon av Vestbreidda og flykta igjen då Jordan tapte Vestbreidda til Israel under seksdagarskrigen i 1967. I 1972 fekk innbyggjarane løyve til å vende heim att til Wadi Fukin mot at dei bygde husa sine i løpet av ein månad.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wadi Fukin» frå , den 1. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Velkomen til Wadi Fukin

Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Betlehem guvernement