al-Karmil (arabisk خربة الكرمل) er ein palestinsk landsby som ligg 12 kilometer sør for Hebron. Landsbyen ligg i Hebron guvernement sør på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på 3 741 i 2007.2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.120.
Historie Det er tre referansar til al-Karmil i Bibelen. Karmel er nemnt som ein by i Juda, og som staden der Saul reiste eit monument etter krigen mot Amalek og der karmelitten Nabal budde.Josva ch xv vers 55, 1 Samuel ch xv vers 12 og 1 Samuel ch xxvNabal and AbigailCalmet's Dictionary of the Holy Bible, 1832. p 280
Etter Bar Kochba-opprøret vart Khirbet al-Karmil nytta som ein romersk garnisonsby. Jødane i byen mislikte at romarane slo seg ned der og flytta busetnaden 2 km søraust, på ein rygg. Den nye jødiske busetnaden blømde fram til den persiske hæren til Khosrau tvang den romerske garnisonen med armeen til Heraklios ut av Palestina. Den persiske hæren vart etter kort tid øydelagd av Rashidun-kalifatet.
Utan ein marknad for vinen sin, gjekk det nedover med det jødiske samfunnet og synagoga vart til slutt fråflytta på 800-talet. Denne synagoga er ei av dei best bevarte av dei gamle synagogene på Vestbreidda.Murphy-O'Connor, Jerome (2008) The Holy Land: An Oxford Archaeological Guide from Earliest Times to 1700 Oxford University Press US, ISBN 0-19-923666-6 p 351
Al-Muqaddasi skildra i 985 han som «ein landsby i ytterkanten av Hebron-området i Jund Filastin. Dette er den Karmel som er nemnt i Josva xv.55.»le Stange, Guy. (1890). Palestine Under the Moslems s.488.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Al-Karmil» frå , den 28. september 2015.
Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Hebron guvernement