Beit Ummar (arabisk بيت اُمّر) er ein arabisk by, 11 km nordvest for Hebron i Hebron guvernement.Beit Ummar: Town Statistics and Facts I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen i 2007 eit folketal på 13 348 innbyggjarar.2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118. Sidan den andre Intifada har arbeidsløysa vore mellom 60 til 80 %, hovudsakleg fordi mange innbyggjarar tidlegare arbeidde i Israel.

Historie Ein trur at Beit Ummar er den bibelske landsbyen Maarath.Armstrong, 1889, s.119 I følgje somme segner vart byen kalla opp etter den islamske kalifen Umar ibn al-Khattab fordi han visstnok ofte vitja byen. Mange av dei hovudsakleg muslimske innbyggjarane er etterkomarar etter arabiske kristne familiar og i gamlebyen er det fleire kristne ruinar.

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863 og estimerte at han hadde kring 450 innbyggjarar.Guérin, 1869, s. 298 I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) Beit Ummar som «ein liten landsby som er lett synleg frå langt mot nord. Det går ein eldgammal veg gjennom han. Kring 1 km nordaust for landsbyen ligg ei god kjelde, ' Ain Kufin. Moskeen har eit lite tårn ved sidan av. Det kringliggande nabolaget er dekt med kratt.»Conder og Kitchener, 1883, s. 303

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Bait Ummar eit folketal på 829, alle muslimar, og dette auka i folketeljinga i 1931 til 1 135, framleis berre muslimar, i 217 busette hus.Mills,1932, s. 27 I 1945 var folketalet i Beit Ummar 80 jødar og 1 600 arabarar, som eigde 30 129 mål land i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 50 2 912 mål var plantasjar og irrigert land, 12 879 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 93 medan 55 mål var utbygd (urbant) land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 143

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Beit Ummar» frå , den 28. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Clermont-Ganneau, Charles Simon (1896): Archaeological Researches in Palestina 1873-1874, [ARP], omsett frå fransk av J. McFarlane, Palestine Exploration Fund, London. Volume 1.

Bakgrunnsstoff Velkomen til Bayt Ummar

Kategori:Byar på Vestbreidda