Antioquiabørstetyrann (Phylloscartes lanyoni) er ein fugl i tyrannfamilien som er endemisk for Colombia. Dei kjente leveområda for arten ligg på små areal sentralt i Magdalenadalen og opp mot sidene av Andes, i departementa Antioquia, Caldas, Cundinamarca og Boyacá.
Skildring Fjørdrakta til denne tyrannen er i olivengrønt med gul underside. Krona er grå, kinnet er lyst med små svarte flekker, og dei har kvit augering. Kroppslengda med hale er 11 centimter og dei veg ca. 8 gram. Antioquiabørstetyrannar lever i lauvskog, frå 450 til 900 moh.Fitzpatrick, 2004
Populasjonen er estimert til å ligge mellom 1000 og 2500 individ og minkar. Arten er klassifisert som sterkt truga.BirdLife International (2015)
Kjelder Fitzpatrick, J. (2004). Antioquia Bristle-Tyrant (Phylloscartes lanyoni) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2015). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 26. september 2015 BirdLife International (2015) Species factsheet: Phylloscartes lanyoni . Henta frå http://www.birdlife.org den 26. september 2015 Referansar
Kategori:Tyrannfamilien Kategori:Fuglar endemiske for Colombia