Jayyous (arabisk جيوس, hebraisk skrift ג'יוס) er ein palestinsk landsby nær den vestlege grensa til Vestbreidda, nær Qalqilya. Han er eit jordbrukssamfunn. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på kring 3 307 innbyggjarar i 2006.Projected Mid -Year Population for Qalqilya guvernement by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå
Historie Seint i den osmanske perioden, i 1882, skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Jiyus som ein «mellomstor steinlandsby på ein rygg, med oliven i søraust. Han verkar gammal, og har graver hogde ut i berget og gamle brunnar.»Conder og Kitchener, 1882, s. 165
I folketeljinga i 1922 hadde Jaiyus eit folketal på 433, alle muslimar.
Landsbyen ligg i eit område som er direkte råka av den israelske sperremuren, og kring 75 % av jordbruksområdet til landsbyen ligg på den andre sida av sperringa.UNRWA For å nå fram til området sitt, må bøndene gjennom to portar. Portane er meint å vere opne tre gonger til dagen i korte periodar, men i juni 2005 var portane stort sett stengde, og bøndene demonstrerte ved portane.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jayyous» frå , den 23. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Velkomen til Jayyus
Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Qalqilya guvernement