Mitzpe Hagit (hebraisk skrift מצפה חגית, tyder Hagit-utposten) er ein israelsk utpost på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg nær busetjinga Kfar Adumim og høyrer til Mateh Binyamin regionale kommune. Han er heimstad for kring 25 familiar.

Utposten vart grunnlagd i 1999 av familiar frå Kfar Adumim, og vart kalla opp etter Hagit Zavitsky, ein innbyggjar i Kfar Adumim som vart drepen i Wadi Qelt i 1997.

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mitzpe Hagit» frå , den 16. september 2015.

Kategori:Israelske busetjingar på Vestbreidda Kategori:Busetnader grunnlagde i 1999 Kategori:Mateh Binyamin regionale kommune Kategori:1999 i Vestbreidda