Yakhini (hebraisk skrift יָכִינִי) er ein ortodoks moshav sør i Israel. Han ligg nord i Negevørkenen nær byen Sderot og høyrer til Sha'ar HaNegev regionale kommune. I 2006 hadde han 476 innbyggjarar.

Moshaven vart grunnlagd i 1950 av jødiske immigrantar frå Jemen, som vart henta til Israel under operasjon Magic Carpet, då dei fleste jemenittiske jødane kom til landet. Moshaven er kalla opp etter ein av sønene til Simon, son av patriarken Jakob, sidan han ligg i området som høyrte til Simon-stamma i bibelsk tid (Andre mosebok 26:12).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Yakhini» frå , den 12. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Religiøse israelske samfunn Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Jemenittisk diaspora i Israel Kategori:1950 i Israel