Yotvata (hebraisk skrift יָטְבָתָה) er ein kibbutz langs Aravahvegen sør i Negev i Israel. Han har kring 310 medlemmar og i alt 700 innbyggjarar. Aravahdalen er ein tørr ørken med mindre enn 30 mm nedbør i året og temperaturar som ofte går over 40 °C om sommaren og 20 °C om vinteren.
Han ligg kring 40 km nord for Raudehavet og var den første og i dag den største og mest velståande kibbutzen i Hevel Eilot regionale kommune. Han er relativt langt unna større byar (41 kilometer nord for Eilat og 130 kilometer sør for Dimona, og er senteret i regionen med skule, kommunekontor, samfunnssenter, sportssenter, kino, konsertsal og ei lokal flystripe.
Historie
mini|venstre|Ein Radian Yotvata vart grunnlagd i 1951 som ei Nahal-busetjing kalla Ein Radian. I 1957 vart han den første kibbutzen som vart grunnlagd sør i Aravah-regionen av Ihud HaKvutzot VeHakibbutzim. Kibbutzen er kalla opp etter ein israelittisk leir som er nemnt i Fjerde mosebok 33:34 og Femte mosebok 10:7: «Derifrå drog dei til Gudgod og frå Gudgod til Jotba, eit land med mange bekker.»
Grunnleggjarane var ei lite gruppe menn og kvinner i 20-årsalderen som nettopp var ferdig med militærtenesta og ønskte å leve eit pionerliv i ørkenen. Dei hadde store utfordringar der med den steikande sola, varmen, vassmangelen, salt jord og vatn, avgrensa transporthøve og ingen sikre inntektskjelder. Dei prøvde å dyrke mange typar jordbruksvarer utan hell, medan daddelplantasjane såg ut til å gå bra i dei tørre tilhøva. mini|venstre|Yotvata - 2003 Etter kvart fekk dei midlar til å starte med meieridrift, for å levere mjølk til Eilat.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Kibbutzar Kategori:Nahal-busetjingar Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1957 Kategori:1957 i Israel