Tze'elim (hebraisk skrift צֶאֱלִים) er ein kibbutz i Negevørkenen sør i Israel. Han høyrer til Eshkol regionale kommune og har eit folketal på 418 i 2006. Det ligg ein militær treningsbase for bakkestyrkane til IDF (ofte kalla «Tze'elim-basen» etter kibbutzen) nær kibbutzen.

Historie Kibbutzen vart grunnlagd i januar 1947 av ein gar'in frå ungdomsrørsler i Aust-Europa og Nord-Afrika, og vart kalla opp etter dei mange akasietrea i området, som vart feilaktig identifisert som dei bibelske Tze'elim-trea. Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart kibbutzen nytta som militærbase.

I dag er kibbutzen eit turistmål med naturlege varmekjelder og tilhøyrande hotell. Andre næringar er jordbruk.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tze'elim» frå , den 9. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Afrikansk diaspora i Israel Kategori:Europeisk diaspora i Israel Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1947 Kategori:1947 i Palestina Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel