Lahav (hebraisk skrift לַהַב, tyder Knivblad) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg kring 20 km nord for Beersheba og dekkjer 33 000 mål og høyrer til Bnei Shimon regionale kommune. I 2006 hadde han 384 innbyggjarar.
Historie Kibbutzen vart grunnlagd i 1952 og heitte først Tziklag (hebraisk skrift צקלג) etter den bibelske byen Ziklag, som ein trur låg i nærleiken. Nybyggjarane var ikkje sikre på om dei skulle slå seg ned i Negev eller Galilea, men aksepterte avgjersla til styresmaktene om å slå seg ned på Tel Halif i Negev. Etter nokre år skifta kibbutzen namn til ære for Nahal-gruppa som grunnla han.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lahav» frå , den 8. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Lahav Negev Information Centre Lahav on Bnei Shimon regionale kommune site
Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1952 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1952 i Israel