Netivot (hebraisk skrift נְתִיבוֹת, «stiar») er ein by i Det sørlege distriktet i Israel mellom Beersheba og Gaza. Mot slutten av 2009 hadde Netivot eit folketal på 26 700.

Historie mini|Netivot i starten. Netivot vart grunnlagd i 1956 som ein utviklingsby i Negev. Dei første innbyggjarane var immigrantar frå Marokko og Tunisia. I 1990-åra kom det fleire immigrantar til frå Russland og Etiopia. I mange år sleit Netivot med høg arbeidsløyse.Netivot journal, in spirit of atonement, an apology to sefardiscm. New York Times Sidan 2008 har Netivot vore mål for åtak frå Gaza med Grad-rakettar. I 2012 eksploderte ein rakett nær ein skule i byen.Rocket explodes near school in Netivot. jpost.com

Eit stort landemerke er grava til Baba Sali, ein marokkanskfødd kabbalist som er gravlagd der.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Netivot» frå , den 7. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Heimeside

Kategori:Byar i Israel Kategori:Utviklingsbyar Kategori:Jødiske pilegrimsstader Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1956 Kategori:1956 i Israel