Yagel (hebraisk skrift יָגֵל, tyder 'Han skal jubla') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Lod og Ben Gurion internasjonale lufthamn og høyrer til Loddalen regionale kommune. I 2006 hadde han 698 innbyggjarar.

Landsbyen vart grunnlagd den 27. juni 1950 av immigrantar frå Irak, og heitte først Lod Bet, men fekk seinare namnet Yagel frå Salmane 14:7; Måtte frelse koma til Israel frå Sion! Når Herren vender lagnaden for sitt folk, skal Jakob jubla og Israel gleda seg.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Yagel» frå , den 3. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Irakisk diaspora Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:1950 i Israel