Giv'at Ko'ah (hebraisk skrift גִּבְעַת כֹּ"חַ, tyder 'Styrkeåsen' eller '28-åsen') er ein moshav sentralt i Israel. Han høyrer til Hevel Modi'in regionale kommune og hadde i 2006 eit folketal på 504.

Landsbyen vart grunnlagd i 1950 av immigrantar frå Jemen. Han vart kalla opp etter 28 soldatar (כ"ח er hebraisk for 28) frå Alexandroni-brigaden som døydde i kampane ved Qula under den arabisk-israelske krigen i 1948.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Giv'at Ko'ah» frå , den 1. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Jemenittisk diaspora i Israel Kategori:1950 i Israel