Yarisley Silva Rodríguez () er ein kubansk tidlegare friidrettsutøvar frå Pinar del Río-provinsen som tevla i stavhopp. Ho vart i 2015 verdsmeister i øvinga i Beijing, i tillegg vann ho OL-sølv i 2012 og bronse ved friidretts-VM 2013 og 2017. Silva presterte livsbeste og sette kubansk rekord på 4,91 meter i 2015.

Aktiv Silva hevda seg mot verdseliten i stavhopp frå 2011, sette personbeste med 4,75 m då ho sigra i panamerikaleikane i Guadalajara. Ved dei olympiske sommarleikane 2012 i London hoppa ho like høgt, nett som gullvinnaren Jennifer Suhr frå USA. Begge tok seg over 4,75 i andre forsøk, Silva måtte nøye seg med sølvmedaljen ettersom ho reiv i fyrste forsøk på 4,45 meter. Sommaren 2013 flytta Silva sitt personbeste til 4,90 m ved eit stemne i Hengelo i Nederland. Under verdsmeisterskapen i Moskva gjekk ho over 4,82 m, fekk bronse då Suhr kneip sølvet på same høgda. Jelena Isinbajeva vann gull med sine 4,89 m. 2. august 2015 hoppa ho livsbeste 4,91 meter då ho vann eit stemne i tyske Beckum. Vel tre veker seinare vann ho gullmedaljen ved verdsmeisterskapen i Beijing, då ho som den einaste svinga seg over 4,90 m. I 2017 sikra Silva seg bronsemedalje då friidretts-VM vart avvikla under trasige vertilhøve. 2018-sesongen vart den siste med årsbeste på minst 4,80 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2008 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (4,15 m=nr 27) VM 2011 i Daegu: Nr 5 – 4,70 m OL 2012 i London: Sølvmedalje – 4,75 m, bakom Jennifer Suhr (4,75 m) VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje – 4,82 m VM 2015 i Beijing: Gullmedalje – 4,90 m, framom Fabiana Murer (4,85 m) OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 7 – 4,60 m VM 2017 i London: Bronsemedalje – 4,65 m VM 2019 i Doha: Nr 11 – 4,70 m OL i 2021 i Tokyo: Nr 8 – 4,50 m

Kjelder

World Athletics

Denne artikkelen bygger på «Yarisley Silva» frå , den 30. august 2015.

Kategori:Cubanske friidrettsutøvarar Kategori:Stavhopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Cuba Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020