Desperado er det andre studioalbumet til det amerikanske bandet Eagles. Det vart spelt inn i Island Studios i London i Storbritannia og gjeve ut i 1973. Desperado er eit konseptalbum basert på tema frå Det ville vesten. Opphavleg arbeidde Don Henley, Glenn Frey, Jackson Browne, og J.D. Souther på ei rekkje songar om anti-heltar, men hadde ikkje fleire idear etter at dei hadde skrive «Doolin' Dalton» og «James Dean». Sistnemnde vart lagt på hylla og dei byrja i staden å skrive songar med temaet dei kom opp med i «Doolin' Dalton».

Bandmedlemmane er avbilda på plateomslaget kledd som ein lovlaus gjeng. Desperado er det einaste Eagles-albumet der medlemmane i bandet er på framsida.

Sjølv om tittelsporet er ein av signaturlåtane til Eagles, vart han aldri gjeven ut på singel. Songen «Desperado» vart rangert på 494. plassen på lista til Rolling Stone frå 2004 over dei 500 beste songane gjennom tidene, men var falle ut av denne lista på den oppdaterte lista som kom i 2010. Albumet inneheldt to andre singlar: «Tequila Sunrise» og «Outlaw Man». Desse to nådde høvesvis 64. plassen og 59. plassen på singellista i USA. Sjølve albumet nådde 41. plassen på albumlista i USA og selde to millionar eksemplar.

Desperado var det siste albumet til Asylum Records som vart distribuert i Nord-Amerika av Atlantic Records, før Asylum i midten av 1973 vart slått saman med Elektra Records.

Mottaking AllMusic-skribenten William Ruhlmann hylla det at Henley var meir involvert på dette enn det førre albumet og skreiv at «det var både meir ambisiøst og seriøst enn føregangaren, men samstundes noko lettare og mindre konsistent.»http://www.allmusic.com/album/desperado-mw0000193646

Innhald

Medverkande Glenn Frey – gitars, piano, elektrisk piano, munnspel, vokal Don Henley – trommer, akustisk gitar, vokal Bernie Leadon – gitarar, mandolin, banjo, dobro, vokal Randy Meisner – bassgitar, vokal

Produksjon Glyn Johns – produsent, lydteknikar Howard Kilgour – assisterande lydteknikar Barry Diament – mastering Ted Jensen – remastering Jim Ed Norman – strykearrangement Gary Burden – design Henry Diltz – fotografi

Lister Album Liste (1973)PlasseringUS Billboard 20041Canada RPM 100 Album35UK (The Official Charts Company)39New Zealand (Top 50 Album)40

Singlar «Tequila Sunrise»/«Twenty-One» - utgjeve 17. april 1973 «Outlaw Man»/«Certain Kind of Fool» - utgjeve 6. august 1973

År Single Liste Plassering 1973 «Outlaw Man» Billboard Pop Singles 59 1973 «Tequila Sunrise» Billboard Pop Singles 64

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Desperado (Eagles album)» frå , den 17. august 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Album produserte av Glyn Johns Kategori:Asylum Records-album Kategori:Konseptalbum Kategori:Eagles-album Kategori:Elektra Records-album Kategori:Grammy Hall of Fame Award