Dwight Phillips () er ein USA-amerikansk tidlegare lengdehoppar, fødd i Decatur i delstaten Georgia. Han vann fire VM-gull og eitt OL-gull i tida 2003-11. Sin personlege rekord oppnådde han under eit stemne i Eugene i Oregon i juni 2009, han hoppa då 8,74 meter i 1,2 sekundmeters motvind. Det var det lengste lengdehoppet på 18 år.

Aktiv Phillips nådde 8,18 meter i 1999-sesongen. Året etter forbetra han seg til 8,21 m og fekk representerte USA i Sydney-OL der han kom på åttandeplass. 19. august 2002 hoppa i motvind 8,38 m i Linz. Sommaren 2004 forbetra han den personlege rekorden til 8,44 m i greske Trikala. To månader seinare vart han verdsmeister i lengdehopp i Paris. 2. august 2004 flytta han sitt personbeste til 8,60 m i Linz, kort tid før han vart olympisk meister i Aten med eit beste hopp som målte 8,59 m. Under verdsmeisterskapen i Helsinki i 2005 tangerte han den personlege rekorden og forsvarte VM-tittelen i lengdehopp. Sesongane 2006-08 nådde han ikkje dei same lengdene, men fekk med seg ein VM-bronse frå Osaka. År 2009 var han i sitt livs form. Den 7. juni landa han på 8,74 meter i Eugene i Oregon, hans livs beste lengdehopp. 10. juli viste han med 8,61 m i Roma at forma framleis var god. Og i august vart han i Berlin verdsmeister i lengdehopp for tredje gong. To år seinare presterte han årsbeste 8,45 m i VM-finalen i Daegu og sikra seg si fjerde gullmedalje i lengdehopp i verdsmeisterskap i friidrett. Han la opp i 2013.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2000 i Sydney: Nr 8 – 8,06 m VM 2001 i Edmonton: Nr 8 – 7,92 m VM 2003 i Paris: Gullmedalje – 8,32 m, framom James Beckford (8,28 m) OL 2004 i Aten: Gullmedalje – 8,59 m, framom John Moffitt (8,47 m) VM 2005 i Helsinki: Gullmedalje – 8,60 m, framom Ignisious Gaisah (8,34 m) VM 2007 i Osaka: Bronsemedalje – 8,30 m VM 2009 i Berlin: Gullmedalje – 8,54 m, framom Godfrey Khotso Mokoena (8,47 m) VM 2011 i Daegu: Gullmedalje – 8,45 m, framom Mitchell Watt (8,33 m) VM 2013 i Moskva: Nr 11 – 7,88 m

Kjelder World Athletics

Denne artikkelen bygger på «Dwight Phillips» frå , den 4. mai 2026.

Kategori:Lengdehopparar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004