Brungumptapakulo (Scytalopus latebricola) er ein fugl i tapakulofamilien, endemisk for Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta. __NOTOC__ Skildring Dette er ein mellomstor tapakulo, ca. 11,5 centimeter, fjørdrakta til vaksne fuglar er mørk brungrå på oversida, reinare brun lengst bak, og undergump og halefjører er gulbrune. Brungumptapakuloar lever i underskog, fuktig skog og gjenreist skog, frå 2000 til 3660 moh.Krabbe et al, 2003
Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som livskraftig.BirdLife International (2015)
Om tapakuloar generelt Tapakuloar lever i tett vegetasjon på eller nær bakkenivå og finst hovudsakleg i fjellområda i utbreiingsområdet sitt. Dei kan vere særs krevjande å observere ettersom dei spring i underskogen på ein musaktig måte. Artane er terrestriske, har korte venger og fuglane har derfor dårlege flygeevner. Dei har kraftige bein, godt egna til livet på grassletter og i underskog. Stjerten er oppreist. Dei vert enklast oppdaga og identifisert med hjelp av kjenneteikn i songen.
Kjelder Krabbe, N.K. & Schulenberg, T.S. (2003). Brown-rumped Tapaculo (Scytalopus latebricola) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 10. august 2015 BirdLife International (2015) Species factsheet: Scytalopus latebricola . Henta frå http://www.birdlife.org den 10. august 2015 Referansar
Kategori:Tapakulofamilien Kategori:Fuglar endemiske for Sierra Nevada de Santa Marta