mini|Tempe Fossae fotografert av Mars Express. Grøftene på biletet er nokre få kilometer breie og 1-2 kilometer djupe. mini|Del av ei grøft i Tempe Fossae fotografert av Mars Reconnaissance Orbiter

Tempe Fossae er eit system av tektoniske grøfter på Ascuris Planum på Mars. Dei fleste grøftene er parallelle i ei retning nordaust-sørvest, men nokre grøfter går nesten vinkelrett på desse. Den vesle skjoldvulkanen Labeatis Mons ligg i nærområdet, og sprekker frå denne kan ha laga lavastraumane som òg er i området.

Kjelder Cutting through martian history - ESA

Bakgrunnsstoff

Kategori:Dalar og kløfter på Mars