Malangen Folkehøgskole, tidlegare Folkehøgskolen 69° Nord, er ein kristen folkehøgskole som ligg på Mortenhals i Balsfjord kommune i Troms fylke. Skolen har plass til 53 elevar i året og er dermed ein av dei minste norske folkehøgskolane.
Skolen tilbyr ulike linjefag med fokus på friluftsliv og arrangerer også ulike seminar i løpet av skoleåret. Nærområda rundt skolen innbyr til aktivt og variert friluftsliv året rundt. Folkehøgskolen er eigd av ein stiftelse der Balsfjord kommune, Den norske Kyrkja, elevane, dei tilsette og rektor ved 69°Nord er representert i styret. Skolen vart etablert i 1984 og er knytt til Noregs Kristelege Folkehøgskolelag (NKF).
Linjer ved skolen i 2015: Friluftsliv Nordkalotten Go Pro Action Hundekjøring og friluftsliv Seiling og ski Sportsfiske og friluftsliv
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Balsfjord kommune Kategori:Folkehøgskular i Troms Kategori:Kristne skular i Noreg Kategori:Skipingar i 1984