Hjelmkolibriar (Oxypogon) er ei biologisk slekt i kolibrifamilien, Trochilidae. Dei fire artane i slekta lever i Colombia og Venezuela. Føretrekte, naturlege habitat er subtropiske eller tropisk høgtliggande grassletter, kjent som páramo. I år 2014 vart tre underartar anerkjente som nye artar i slekta.

Skildring Oxypogon-slekta vart først skildra av den franske ornitologen Auguste Boissonneau i 1840. Ein studie av mitokondriell DNA av kolibriar viser at slekta er nærast nærskyld til stolakolibri, Oreonympha nobilis, og brunkronenålkolibri, Chalcostigma ruficeps. Den andre medlemmen av slekta Chalcostigma låg utanfor gruppa, noko som indikerer at taksonomi av Chalcostigma kanskje treng gjennomgang i framtida.

Den vanlegaste arten, kvitskjegghjelmkolibri, Oxypogon lindenii, måler 114 mm i lengd, det er ein liten kolibri med ein svært kort, 8 mm lang nebb. Vaksne hannar har ein særeigen peikande svart fjørtopp og rufsete kvitt skjegg. Andletet og kinna er gråsvarte, ramma inn av den kvite fjørtoppen, kvitt skjegg og krage. Undersida er kjedeleg grøngrå. Hoa manglar skjegget og fjørtoppen.

Hjelmkolibriar lever i nordlege Andes, ein art i høgder på 3600-4500 moh. i Venezuela, og tre artar Colombia, 3200-5200 moh. Hovedhabitat er páramo, men dei kan trekke ned til tregrensa utanom hekkesesongen.

Alle artane kviler ofte på steinblokker og vandrar mellom lågblomstrande buskar, dei kan vitjar blomar av slektene Espeletia, Echeveria, Siphocampylus, Castilleja and Draba.

Alle fire hjelmkolibriar har hekkesesongen i regntida, og hekkar i Espeletia-plantar, eller byggjer reir i ein bratt fjellskrent.

Artslista Oxypogon i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Okerhjelmkolibri, Oxypogon stuebelii, Buffy Helmetcrest, A. B. Meyer, 1884, (VU)

Blåskjegghjelmkolibri, Oxypogon cyanolaemus, Blue-bearded Helmetcrest, Salvin & Godman, 1880, (CR)

Kvitskjegghjelmkolibri, Oxypogon lindenii, White-bearded Helmetcrest, Parzudaki, 1845, (LC)

Grønskjegghjelmkolibri, Oxypogon guerinii, Green-bearded Helmetcrest, Boissonneau, 1840, (LC)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bearded helmetcrest» frå , den 11. august 2023.

Collar, N.J. & Salaman, P. 2013. The taxonomic and conservation status of the Oxypogon helmetcrests. Conservación Colombiana 19: 31-38.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Blog med bilete av tre av artane som syner variasjon i drakt og strupefarge Henta 14. mai 2015

kategori:kolibrifamilien Kategori:Fugleslekter