Anagram er ord (evt. tal eller ordsekvensar) som er laga ved å setja saman alle bokstavane frå eit anna ord

i ei ny rekkjefølgd. Til dømes er «snorke» eit anagram av «norske».

Sjølve ordet anagram er samansett av dei greske orda ana (på ny) og gramma (bokstav).

Anagram vert gjerne nytta i satire og humor ved at bokstavane i namnet åt ein person blir stokka om til å forma ein karakteristikk som ein synest høver til personen.

Nokre døme på anagram

Frankenstein = Tanken er nifs Mel Gibson = Mobil seng Trond Giske = Nedrig tosk Knut Hamsun = Human kunst Morten Harket = Herr tanketom Geir Karlstad = Er stadig klar Ringo Starr = Stor raring

Kategori:Språkleikar