Hypnotic Eye er det 13. studioalbumet til det amerikanske rockebandet Tom Petty and the Heartbreakers, gjeve ut 29. juli 2014 på Reprise Records. Albumet debuerte på toppen av Billboard 200, og vart det første albumet til Tom Petty and the Heartbreakers som nådde toppen av lista.
Produksjon Den første innspelinga for albumet gjekk føre seg i august 2011 i øvingslokalet til bandet i Los Angeles, der «Burnt Out Town» vart spelt inn. Albumet gjekk stilmessig attende til dei to første albuma ti lbandet, Tom Petty and the Heartbreakers (1976) og You're Gonna Get It! (1978).
Marknadsføring
Den 10. juni 2014 vart songen «American Dream Plan B» gjeve ut som den første singelen frå albumet, i lag med songane «Red River» og «U Get Me High,» på nettsida til bandet og digitale butikkar. Ein månad seinare vart ein CD-singel med «American Dream Plan B» og «U Get Me High» gjeve ut.
Songane «Forgotten Man» og «Fault Lines» vart gjeven ut for strøyming på nettsida til bandet tidleg i juli 2014. I tillegg vart alle fem spora gjeve ut i marknadsføringa av Hypnotic Eye på ein «interaktiv radio» med skruknapp som fann spora for lyttarane.
Utgjeving Albumet debuterte på toppen av Billboard 200-lista og selde 131 000 eksemplar i USA den første veka.
Innhald
Medverkande Tom Petty – vokal, rytmegitar på alle utanom 10, sologitar på spor 9 (berre høgre kanal), spor 10, spor 11 (berre avslutning), fuzzbass på spor 3, høg bass på spor 7, bass på spor 9, plateprodusent Mike Campbell – sologitar, sologitar på spor 9 (berre venstre kanal), rytmegitar på spor 10, produksjon Scott Thurston – rytmegitar på spor 1, 3, 5, 6, 7, 8, 11, 12-strengs gitar på spor 4, munnspel på spor 2, 10, tamburin på spor 9 Benmont Tench – piano på spor 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 10, 11, elektrisk piano på spor 1, 6, 11, orgel på spor 1, 2, 3, 5,6, 7, 8, 9, 11, mellotron på spor 4, 8, 11, synthesizer på spor 5 Ron Blair – bassgitar på alle utanom spor 9 Steve Ferrone – trommer på alle spor, perkusjon på spor 6, 7 Josh Jove - fuzzgitar på spor 7 Ryan Ulyate – korvokal på spor 8, produksjon
Lister Liste (2014) Plassering Italian Album (FIMI)68
Årslister Liste (2014) Plassering US Billboard 20070US Top Rock Album (Billboard)13
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hypnotic Eye» frå , den 16. april 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Tom Petty-album Kategori:Musikkalbum frå 2014 Kategori:Album produserte av Tom Petty Kategori:Reprise Records-album Kategori:Album på toppen av Billboard-lista