Mudcrutch er det første studioalbumet til det amerikanske rockebandet Mudcrutch, gjeve ut den 29. april 2008. Albumet vart spelt inn i løpet av to veker i august 2007. Mudcrutch vart opphavleg danna i 1970. Bandet spelte inn fleire demoar og singlar, men gav aldri ut eit album den gongen. Mudcrutch vart oppløyst av plateselskapet i 1975 og spelte ikkje saman igjen først dette albumet vart spelt inn 32 år seinare. Etter bandet vart oppløyst første gongen, gjekk bandmedlemmane Tom Petty, Mike Campbell og Benmont Tench saman og danna Tom Petty and the Heartbreakers.
Albumet gjekk inn på den amerikanske Billboard 200-lista på ein åttande plass og selde kring 38 000 eksemplar den første veka.Katie Hasty, «Madonna Leads Busy Billboard 200 With 7th No. 1", Billboard.com, 7. mai 2008.
Innhald
Medverkande Tom Petty - bassgitar, vokal Randall Marsh - trommer Tom Leadon - gitar, vokal, solovokal på «Queen of the Go-Go Girls», og «Shady Grove» Mike Campbell - gitar, mandolin Benmont Tench - klaverinstrument, vokal, solovokal på «This Is a Good Street»
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mudcrutch (album)» frå , den 16. april 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell Mudcrutch-side
Kategori:Debutalbum frå 2008 Kategori:Mudcrutch-album Kategori:Album produserte av Tom Petty Kategori:Reprise Records-album