André Nikolai Skjelstad () er ein norsk politikar (Venstre). Han var stortingsrepresentant for Nord-Trøndelag frå 2005 til 2009 og frå 2013.
Skjelstad er fødd i Trondheim og oppvaksen på Verrastranda i Verran kommune, der han er gardbrukar. Han har utdanning frå forsvaret og landbruksfagleg utdanning. Sidan 1995 sit han i kommunestyret i Verran. Sidan 2001 er han leiar for Nord-Trøndelag Venstre. I 2005 vart han vald inn på Stortinget på utjamningsmandat frå Nord-Trøndelag, og sat i Arbeids- og sosialkomiteen fram til han tapte attval i 2009. Skjelstad vart på ny stortingsrepresentant i 2013.
Skjelstad er gift og har fire born.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Lokalpolitikarar i Verran Kategori:Venstrepolitikarar i Nord-Trøndelag Kategori:Norske offiserar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Verran Kategori:Folk frå Trondheim