Kiryat Bialik (hebraisk skrift , òg Qiryat Bialik) er ein by i Haifa distrikt i Israel. Han er ein av dei forstadane kalla Krayot, nord for Haifa. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde byen mot slutten av 2007 i alt 36 200 innbyggjarar. Byen vart kalla opp etter diktaren Haim Nahman Bialik. I 2003 var alle innbyggjarane i byen jødar og det var ingen større arabisk folkesetnad her.
Historie I 1924 var Ephraim og Sabina Katz, som immigrerte frå Romania, dei første jødane som slo seg ned i Zevulundalen ved Haifabukta. Garden deira vart øydelagd under Palestinaopprøra i 1929. Det eine huset som overlevde opprøra, Beit Katz, gjekk i arv til Kiryat Bialik i 1959 og er i dag eit offentleg hus.Katz Gardens, Kiryat Bialik
Byen Kiryat Bialik vart grunnlagd i juli 1934 av ei gruppe tyske, jødiske immigrantar som fekk eit landområde av Jewish National Fund. Innbyggjarane var hovudsakleg frie profesjonelle, legar, ingeniørar og advokatar som budde i private hus med hagar. Under andre verdskrigen vart Kiryat Bialik bomba på grunn av nærleiken til oljeraffineria i Haifa. I 1950 fekk han status som lokale kommune og i 1976 bystatys.
mini|venstre|Kiryat Bialik i 1944.
Venskapsby Kiryat Bialik er venskapsby med
Steglitz-Zehlendorf i Tyskland Zestafoni i Georgia Rosh HaAyin i Israel
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kiryat Bialik» frå , den 7. april 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Byar i Israel Kategori:Krayot Kategori:Byar i Haifa distrikt