«Jammin' Me» er den første singelen frå Let Me Up (I've Had Enough), ein album av Tom Petty and the Heartbreakers frå 1987. Songen er skriven av Bob Dylan, Tom Petty og Mike Campbell. Heartland rock-songen er gjeven ut på samlealbuma Playback og Anthology: Through the Years.
Bakgrunn og tekst På True Confessions-turneen mellom Tom Petty og Bob Dylan (som begge seinare vart med i Traveling Wilburys), samarbeidde på denne songen, som vart opningssporet på albumet. Songen handlar om ein mann som er «overvelda av «dei mange usamanhengande nyhendene som vert skapt i feilinformasjonsalderen» og inneheld ein «vaskesetel» av kjendisar i 1980-åra som Eddie Murphy, Joe Piscopo og Vanessa Redgrave, og eplet i auga til den unge Steve, er truleg ein referanse til Steve Jobs. Noko av teksten kom frå Dylan og Petty som plukka ord ut av ei avis og frå fjernsyn.
Utgjeving og mottaking «Jammin' Me» vart gjeven ut som den første singelen frå Let Me Up (I've Had Enough) i 1987. Han nådde førsteplassen av Billboard Album Rock Trackslista og 18. plassen på Billboard Hot 100. Han vart den tredje singelen til Petty som nådde toppen av Album Rock-lista (seinare kalla Mainstream Rock) og låg der i fire veker.Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications), page 490. Kritikarane likte generelt singelen og Allmusic samanlikna han med Rolling Stones-songen «Start Me Up» og skreiv «den fantastiske grooven er særs smittande». Rolling Stone likte dei «rå gitarakkordane» til Petty og Campbell og «honkytonk-pianoet» til Benmont Tench.
Medverkande Tom Petty - solo- & korvokal Mike Campbell - solo- & rytmegitarar, bassgitar, perkusjon Benmont Tench - piano, organ Stan Lynch - trommer, perkusjon Howie Epstein - bass
Lister Liste (1987) Plassering U.S. Billboard Album Rock Tracks 1 U.S. Billboard Hot 100 18 Kanadiske RPM Top Singles 41 New Zealand 38
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jammin' Me» frå , den 14. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1987 Kategori:Singlar frå 1987 Kategori:Tom Petty-songar Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Songar skrivne av Tom Petty Kategori:Songar skrivne av Mike Campbell