«Don't Do Me Like That» er ein song skriven av Tom Petty og spelt inn av Tom Petty and the Heartbreakers. Han vart gjeven ut i november 1979 som den første singelen frå albumet Damn the Torpedoes (1979). Han nådde 10. plassen på Billboard Hot 100 og vart den første hitten deira som nådde topp 10. Singelen nådde òg tredjeplassen på singellista i Canada.Joel Whitburn, Joel Whitburn's Top Pop Singlar: 1955-2010, Record Research, 2011.
Petty vurdert sterkt å gje frå seg songen til The J. Geils Band, fordi han meinte han hadde stilen deira, men vart overtydd av produsenten Jimmy Iovine om å ta han med på albumet, fordi han meinte han kunne bli ein hit.http://www.musicradar.com/news/guitars/tom-petty-damn-the-torpedoes-deluxe-edition-review-track-by-track-292565/7/1
I film Songen vart nytta i den romantiske komedien It's Complicated frå 2009 med Meryl Streep og Alec Baldwin. Streep og Baldwin dansar til songen i ein bar.
Innhald «Don't Do Me Like That» med B-sida «Casa Dega»Backstreet 41138 (US)
«Don't Do Me Like That» med B-sida «Century City»«Something Else» (Live) med B-sida «Stories We Could Tell» (Live)Backstreet MCA 596 (UK 2x7" single)
Lister Liste (1979-1980) Plassering U.S. Billboard Hot 100 10 Canadian RPM Top Singles 3 New Zealand 17
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Don't Do Me Like That» frå , den 11. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Singlar frå 1979 Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Tom Petty-songar Kategori:Songar skrivne av Tom Petty Kategori:Songar produserte av Jimmy Iovine