Kfar Masaryk (, tyder Masaryklandsbyen) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg vest i Galilea nær Beluselva og sør for Akko, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 598.
Grunnleggjarane var immigrantar frå Tsjekkoslovakia og Litauen som hadde slått seg ned i Petah Tikva i 1932. Året etter grunnla ei Kibbutz Czecho-Lita og flytta til Bat Galim i Haifa. I 1934 flytta dei til eit område med sanddyner nær Kiryat Haim og endra namnet på gruppa til Mishmar Zevulun. I 1937 kom det til ei gruppe polske immigrantar som var medlemmar av Hayotzer.
Trass i motstand frå Jewish Agency (som meinte sandjorda ikkje høvde seg for jordbruk) vart Mishmar Zevulun grunnlagd den 29. november 1938 som den 29. tårn- og palisade-busetjinga. I 1940 vart kibbutzen flytta til den noverande staden og han fekk namnet Kfar Masaryk etter Tomáš Garrigue Masaryk, den første presidenten i Tsjekkoslovakia
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kfar Masaryk» frå , den 8. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Kibbutz website
Kategori:Tsjekkisk diaspora i Israel Kategori:Litauisk diaspora i Israel Kategori:Kibbutzar Kategori:Kibbutz-rørsla Kategori:Busetnader grunnlagde i 1938 Kategori:1938 i Palestina Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Slovakisk diaspora i Israel