Mattat () er ein liten fellesbusetnad nord i Israel. Han ligg nær den libanesiske grensa mellom byane Ma'alot-Tarshiha og Safed, og høyrer til Ma'ale Yosef regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 185.

Landsbyen vart grunnlagd i 1979 av ei gruppe familiar frå ein organisasjon kalla HaSukah, og var den første busetnaden i Lookouts in the Galilee-planen. Han vart grunnlagd på landområdet til den palestinske landsbyen Dayr al-Qassi.Khalidi (1992), p.13

I dag er mange av innbyggjarane tilsette i lokal industri og jordbruk. Turisme er òg ei viktig inntektskjelde.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mattat» frå , den 7. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1979 Kategori:1979 i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel