Heftziba (hebraisk חֶפְצִיבָּהּ) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg mellom Jezreel- og Beit She'an-dalen og byane Afula og Beit She'an og høyrer til Gilboa regionale kommune. Heftziba har eit folketal på 374.
Historie Kibbutzen vart grunnlagd i 1922 av emigrantar frå Tsjekkoslovakia og Tyskland. Han er kalla opp etter ein gard som ligg nær Hadera, der dei første nybyggjarane arbeidde før dei vart flytta og slo seg ned her. Dette namnet kjem igjen i frå Bibelen, der Gud talar om kjærleiken sin til Israel: « Den eg har kjær.» (Jesaja 62:4)
Arkeologi Beit Alfa-synagoga nasjonalpark ligg her, og ikkje, som ein kunne tru, i den nærliggande kibbutzen Beit Alfa. Dette er ei gammal bysantinsk synagoge, med eit mosaikkgolv som syner hebraiske månadar som svarar til teikna i dyrekrinsen.Goldman, Bernard, The Sacred Portal: a primær symbol in ancient Judaic art, Detroit : Wayne State University Press, 1966. It has a detailed account and treatment of the mosaikk at the Beit Alfei synagoge. Synagoga og den nærliggande kibbutzen har fått namn frå ein arabisk landsby som låg her tidlegare, Khirbet Bait Ilfa, som ein trur kjem frå namnet på den eldre jødiske busetnaden som synagoga låg i.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Heftziba» frå , den 22. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Tsjekkisk diaspora i Israel Kategori:Tysk diaspora i Israel Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1922 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Slovakisk diaspora i Israel Kategori:1922 i Palestina