mini|Den åttande plansjen, Discomedusae. Dei blå manetene i midten visar Desmonema annasethe; tentaklane minna Haeckel om det lange og flagrande håret til kona. Kunstformen der Natur (tysk for Kunstformer i Naturen) er ei bok med litografiar og andre halvtonebilete av den tyske biologen Ernst Haeckel.

Publikasjon Verket blei publisert i sett på ti mellom 1899 og 1904 og samla i to volum i 1904. Verket er samansett av 100 plansjar som visar ulike organismar, og mange av desse blei fyrste gong skildra av Haeckel. I laupet av karrieren hans blei det laga meir enn 1000 graveringar basert på Hackel sine skisser og akvarellar; mange av desse blei vald til å vere med i Kunstformen der Natur, og omgjord frå skisser til plansjar av litografen Adolf Giltsch.Breidbach, Visions of Nature, s. 253

Den andre utgåva av Kunstformen blei laga i 1924 og inneheldt berre 30 plansjar.

Tema Ifølgje Olaf Breidbach, som forska på Haeckel, var verket meir enn ei samling av illustrasjonar — det var ei oppsummering av Haeckel sitt syn på verda. Dei overordna temaa i plansjane visar symmetri og organisering. Emnene blei vald for å uttrykke organisering, frå skjellmønstra i koffertfiskane og spiralane i amonittane, til den perfekte symmetrien i stormaneter og mikroorganismar. Bileta i kvar av plansjane blei arrangert for å skape maksimale synsinntrykk.Breidbach, Visions of Nature, ss. 229-231

Blant dei kjende plansjane finn ein talrike radiolariar, som Haeckel populariserte blant amatørmikroskopistar; det finst minst eitt døme i kvart av setta på ti. Nesledyr er også framheva gjennom heile boka, medrekna sjøroser, kolonimaneter, skivemaneter og andre stormaneter. Det første settet inneheldt også Desmonema annasethe (no kalla Cyanea annasethe), ei spesielt slåande stormanet som Haeckel observerte og skildra kort tid etter dødsfallet til kona hans, Anna Sethe.

Innverknad mini|Beurs van Berlage ligg på Damrak, som er ei av hovudgatene i sentrum av Amsterdam. Kunstformen der Natur hadde stor innverknad på kunst, arkitektur og design tidleg på 1900-talet, og var med på å byggje ei bru mellom vitskap og kunst. Mange Art nouveau-kunstnarar blei inspirerte av arbeidet hans, mellom anna René Binet, Karl Blossfeldt, Hans Christiansen og Émile Gallé. Eit framståande døme er Beurs van Berlage, designa av Hendrik Petrus Berlage; det var delvis inspirert av illustrasjonar frå Kunstformen.Breidbach, Visions of Nature, ss. 231, 268-269

Galleri Dei originale klassifikasjonane var utheva med kursiv.

Kjelder

Breidbach, Olaf. Visions of Nature: The Art and Science of Ernst Haeckel. Prestel Verlag: Munich, 2006.

Denne artikkelen bygger på «Kunstformen der Natur» frå , den 20. februar 2015.

Bakgrunnsstoff

Marine Biological Laboratory Library - Ei utstilling med ulike verk av Haeckel, med skildringar om bakgrunnen til mange av plansjane i «Kunstformen der Natur». University Art Gallery, University of Massachusetts Dartmouth - Ei utstilling frå 2005 som visar paringa av plansjar frå «Kunstformen der Natur» med ulike moderne skulpturar. Kurt Stüber's Biolib - Ein nettbasert versjon av «Kunstformen der Natur» med innskanning av dei 100 plansjane (200 dpi) med skildringar, innhaldsliste og tilleggsmateriale. «Kunstformen der Natur» med zoom-bilete - 100 plansjar av «Kunstformen der Natur» (krev flash: O (zoom inn); I (zoom ut); piltastar (nagivasjon)). Kunstformen der Natur (PDF: 273 mb)

Kategori:Naturhistorie Kategori:Biologibøker Kategori:Vitskap i kunst Kategori:Bøker frå 1899 Kategori:Bøker frå 1904 Kategori:Art nouveau-verk