Melvyn Gale ()Face-the-music.de) er ein engelsk cellist.

Karriere Gale studerte ved Royal Academy of Music og Guildhall School of Music and Drama. Han heldt den første profesjonelle konserten sin med London Palladium Orchestra i 1970. Han spelte òg med ballettkompania Bolshoi og Rambert, London Youth Symphony Orchestra, og forskjellige West End-show.

Han var cellist for Electric Light Orchestra frå 1975 då han erstatta Mike Edwards. Han var òg ein dugande pianist og spelte piano på «Wild West Hero» og stundom «Roll Over Beethoven» på konsertane deira.

I 1979 var han med i musikkvideoen til Discovery og spelte i lag med den resten av klassisk besetninga til ELO (Mik Kaminski på fiolin og Hugh McDowell på cello) for sisge gongen. Han vart verande med gruppa fram til Jeff Lynne fjerna strykarane frå besetninga.

Gale og venen Frank Wilson bygde ei platestudio i 1979. Den 12. april 1980 gav dei ut det første albumet sitt, under Wilson Gale & Co. kalla Gift Wrapped Set.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Melvyn Gale» frå , den 15. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Biografi

Kategori:Elevar ved Guildhall School of Music and Drama Kategori:Elevar ved Royal Academy of Music Kategori:Britiske rockecellistar Kategori:Electric Light Orchestra-medlemmar Kategori:Engelske pianistar Kategori:Engelske cellistar Kategori:Engelske klassiske pianistar Kategori:Musikarar frå London