Alta folkehøgskole, tidlegare Øytun folkehøgskole, er ein kristen folkehøgskole som ligg i Alta kommune i Finnmark. Skolen ligg 6 km sør for Alta sentrum og 12 km frå Alta lufthamn. Skolen fokuserer spesielt på friluftslivfag og tar imot rundt 110 elevar i året.
Elevar ved skolen vel seg eit friluftslivs-linjefag og fire valfag fordelt på periodane haust, mørketid og vår/vinter. Alle elevane får felles turar og dagar med ulike tema og seminar. Felles skoleturar går til Kolahalvøya i Russland og og Levi i Finland. I tillegg blir det mellom anna arrangert «bli-kjent-tur» til Orroshytta, skolehytta på Finnmarksvidda, førstehjelpskurs, felleskapsseminar, soldagstur, samisk seminar og avslutningstur til Jøkelfjorden. Skolen har gymsal, trimrom, skytesimulator, bandrom, buldrerom, skimakarverkstad og sykkelverkstad.
Skolen blei skipa i 1917 i Havøysund i Måsøy kommune under namnet Øytun. I 1967 flytte skolen til Alta, men namnet Øytun blei ført vidare. Skolen ligg i furuskog ved foten av fjellet Skoddevarre og har gangavstand til Altaelva. Skolebygningen og 8 internat er oppført rundt eit tun. Skolen er eigd av Normisjon, Norges Samemisjon og Indremisjonsforbundet. I desember 2016 skifte skolen namn til Alta folkehøgskole – folkehøgskolen for Arktisk Villmarksliv. Tunet på skolen er framleis kalla Øytun.
Linjefag ved skolen i 2019: Arktis – Svalbard Friluftsliv 70° Nord Friluftsliv Ingen Grenser Hundekjøring – Finnmarksløpet Jakt og fiske Foto villmark – Island/USA Off Piste – ski og sykkel
Skolen tilbyr også halvårskursa Ski og skred og Circum Polar, i tillegg til andre kortkurs.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Folkehøgskular i Finnmark Kategori:Kristne skular i Noreg Kategori:Skipingar i 1917 Kategori:Skular i Alta Kategori:Skular i Måsøy