Henri Oreiller () var ein fransk alpinist som vann OL-gull i utfor og den alpine kombinasjonen under Vinter-OL 1948 i St. Moritz.

Alpin skiidrett Oreiller vart olympisk meister i utfor i St. Moritz i 1948, med ein margin på fire sekund til nestemann. I den andre tevlinga, slalåm, tok han bronsemedaljen. Prestasjonane i dei to renna gav han ein andre gullmedalje i kombinasjonen, ei såkalla papirøving.

Ved VM i alpine greiner 1950 i Aspen i delstaten Colorado vart han som best nummer fire i storslalåm. Under vinterleikane 1952 i Oslo makta han ikkje å hamle opp mot dei beste, ein 14. plass i utfor vart hans fremste plassering.

Motorsport Etter han la opp i 1952 var Oreiller aktiv i billøp. Han omkom hausten 1962 på ei bilbane sør for Paris. Ei punktering førte til at han mista kontollen over bilen sin, ein Ferrari 250 GTO.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Henri Oreiller» frå , den 8. februar 2015.

Kategori:Franske alpinistar Kategori:Olympiske meistrar for Frankrike Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1948 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1948 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1952