«Yesterday Once More» er ein song skriven av Richard Carpenter og John Bettis er ein hitsong av The Carpenters frå albumet Now & Then frå 1973.
Singelen nådde andreplassen på Billboard Hot 100 og vart den femte singelen deira som nådde andreplassen. Songen nådde òg toppen av easy listening-lista og vart den åttande singelen deira på toppen av denne lista på fire år. Singelen er den mestseljande singelen til The Carpenters på verdsbasis og den bestseljande singelen i Storbritannia med ein andreplass på singellista der.Carpenters UK chart history, The Official Charts Company. Henta 20. mars 201244r. Richard Carpenter fortalte i ein japansk dokumentar at dette var favoritten hans av alle songane han hadde skrive. Han har sjølv framført ein instrumental versjon av songen på sine eigne konsertar.
Dionne Warwick, ein nær ven av The Carpenters, framførte songen på ein konsert i Las Vegas kvelden før Karen Carpenter døydde i 1983.Schmidt, Randy L. Little Girl Blue: The Life of Karen Carpenter. Forward by Dionne Warwick. Chicago Review Press, 9781556529764). s. 368.)
Medverkande Karen Carpenter - Solo- og korvokal, trommer Richard Carpenter - korvokal, klaverinstrument Joe Osborn - bassgitar Tony Peluso - gitar
Andre versjonar «Hier est près de toi (Sha la la)» av Claude François (Frankrike) i 1973, ein franskspråkleg versjon av Eddy Marnay.
I 1973 song den islandkse songarinna Þuríður Sigurðardóttir songen med tittelen «Á valdi minninga» på albumet Þuríður & Pálmi. Den islandske teksten var skriven av Pálmi Gunnarsson.
I 1974 song den italienske songaren Dori Ghezzi songen med tittelen «Io sto bene con te».
I 1974 song songaren Ami Asplund songen med tittelen «Käy Luonain Eilinen», etterfølgd av seinare finskspråklege versjonar av Katri Helena, Lea Laven og andre.
I 1981 spelte The Spinners inn songen som del av ein medley med «Nothing Remains the Same». Medleyen nådde 32. plassen på soul-lista i USA.
The Shaggs gav ut sin versjon av songen på samlealbumet Shaggs' Own Thing i 1982.
Italo disco-songaren Sabrina Salerno son songen i 1991 på albumet Over the Pop.
Redd Kross, eit rock/punkband frå Hawthorne i California spelte songen i 1994 på hyllestalbumet til Carpenters, If I Were a Carpenter. Denne versjonen vart òg gjeve ut som ein dobbel A-side-singel med Sonic Youth sin versjon av «Superstar» for å marknadsføre albumet.
Det britiske indierockbandet Cinerama gav ut songen som ei B-side til singelen deira «Superman» i 2001.
Den svenske dansbandsongaren Kikki Danielsson song songen i 2006 på albumet I dag & i morgon.
Lister Liste (1973)PlasseringCanadian Singles Chart1Oricon internasjonale singelliste1Oricon (Japansk) singelliste5UK Singles Chart2U.S. Billboard Hot 1002U.S. Billboard Easy Listening1US Cash Box Top Singles1
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yesterday Once More» frå , den 6. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Carpenters-songar Kategori:Songar med tekst av John Bettis Kategori:Songar skrivne av Richard Carpenter Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Nummer-ein-singlar i Japan Kategori:A&M Records-singlar Kategori:Kikki Danielson-songar