Yarka (hebraisk skrift יִרְכָּא, arabisk skrift يركاPersonnamn, ifølgje Palmer, 1881, s. 60) er ein arabisk drusar-landsby i Israel, i Nord-distriktet, nordaust for Akko.
Historie Yarka er ein gammal landsby, og her er funne gamle søyler og cisterner. Clermont-Ganneau fann ein kristen, gresk inskripsjon her.Dauphin, 1998, s. 639, citing Clermont-Ganneau, 1881, s. 37-38.
I 1517 vart Yarka, i lag med resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket etter han vart erobra frå mamelukkane, og i 1596 vart han oppført i osmanske skattelister som ein del av Akka nahiya i Safad liwa. Han hadde eit folketal på 174 muslimske hushaldningar og 24 ungkarar og betalte skatt for ei olivenpresse.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 191
mini|Hilwah (bønehus) i Yarka.
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja Yarka i 1875, og skreiv at «skorne steinar frå lang tid attende er nytta i bygginga av moderne hus. Kring hundre cisterner er skorne ut i berget, omkring halvparten er ikkje lenger i bruk, og syner at dette har vore ein viktig stad ein gong.»Guérin, 1880, s.16-17, as translated and cited by Conder og Kitchener, 1881, s.193 I Survey of Western Palestina er Yarka skildra som ein velbygd steinlandsby busett av 400 drusarar so dyrka oliven og fiken.Conder og Kitchener, 1881, s.148
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Yarka eit folketal på 978; 937 drusarar, 26 muslimar og 15 kristne.Barron, 1923, Table XI, Underdistrikt of Akko, s. 36 Folketalet auka i 1931 til 1 196 med 1 138 drusarar, 46 muslimar og 11 kristne i totalt 343 busette hus.1931 Det britiske mandatet Census s. 103.
I 1945 hadde Yirka eit folketal på 1 500, med 42 452 dekar land, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 41 Av dette var 5 747 dekar var plantasjar og irrigert land, 5 909 nytta for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 82 medan 140 dekar vart utbygd land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 132
Økonomi Ein av dei største fabrikkane i Midtausten, eit stålverk bygd og eigd av familien Kadmani, ligg i Yarka. My Baby, med 11 000 hyllemeter, er den største butikken for barn i Israel.Israel's only American-style baby store, in the heart of a Druze village
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Yirka» frå , den 1. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
(p. 152)
(1881, 1882): Quarterly statement - Palestine Exploration Fund Volume: 13-14
Bakgrunnsstoff Drusarar , jewishvirtuallibrary.org Velkomen til Yirka
Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Drusarstader i Israel Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel