Martin Ødegaard () er ein norsk fotballspelar som sidan januar 2021 har gjort teneste for det engelske topplaget Arsenal FC. Han var lagkaptein då klubben i 2026 vann den engelske Premier League. Sidan 2014 har midtbanespelaren delteke i 72 av Noregs landskampar.

Klubbspel Ødegaard spelte i 2014-sesongen på Strømsgodset Idrettsforening i norsk eliteserie. Etter sesongslutt vart han kåra til årets unge spelar i Noreg. I januar 2015 vart han overført til den spanske storklubben Real Madrid, der han var med i 1-ein seriekamp på tampen av 2014/15-sesongen. Elles i 2015 og -16 var han aktiv med Real Madrid Castilla, eit lag som deltok på nivå 3 i det spanske fotballsystemet.

I januar 2017 reiste Ødegaard til nederlandske til SC Heerenveen og spel i den øvste divisjonen i landet. Han fekk heller lite speletid våren 2017, men utmerkte seg og fekk fleire kampar som høgrekant i sesongen 2017/18. Vegen vidare gjekk til Vitesse, også det eit lag i den nederlandske toppserien. I den gule og svarte trøya til Vitesse viste han tidvis strålande prestasjonar. Ved sesongslutt hadde han spelt 39 kampar, skåra 11 mål og sentra 11 målpasningar.

Sommaren 2019 byrja Ødegård spele for spanske Real Sociedad. Her hadde han stor suksess. I september vart han han kåra til månadens spelar i La Liga. Han bidrog til at laget frå San Sebastian tok seg heilt til finalen i den nasjonale cupmeisterskapen. Real Sociedad vann over Athletic Bilbao, men utan Ødegaard var med. Grunna Covid-19 vart finalekampen utsett til etter Ødegaard hadde returnert til Real Madrid. Lite speletid i Real Madrid hausten 2020, leia til at Ødegaard søkte seg vekk frå det spanske hovudstadslaget.

31. januar 2021 fekk Ødegaard sin debut med London-laget Arsenal. Frå hausten 2021 var han ein sentral spelar på midtbana til Arsenal, eit lag som dei neste sesongane hevda seg i toppen av ligaen. Sommaren 2022 tok han over som lagkaptein i Arsenal. Særleg imponerte han i 2022/23-sesongen, både den sesongen og sesongen etter vart han kåra til årets spelar i Arsenal. Sesongen 2025/26 var han plaga av skadar, og var mindre sentral då Arsenal sikra seg ligapokalen, den fyrste ligatriumfen til Arsenal på 22 år. Ei litt viktigare rolle spelte han for at Arsenal tok seg til finalen i UEFA-meisterligaen, ein kamp som enda med tap 0–1 mot Paris Saint-Germain.

Landslagsspel Ødegaard fekk sin landslagsdebut 27. august 2014, som den yngste norske landslagsspelar nokon gong. Han spelte heile den mållause kampen mot Dei sameinte arabiske emirata på Viking stadion i Stavanger. I tida fram til mars 1916 fekk han i alt 9 landskampar. Etter halvtanna år utan landskamp kom han tilbake og deltok i 3 vennskapskampar i tida november 2017 til mars 2018. Fyrst frå november 2018 var han jamnt å sjå i spel for Noreg. Han skåra sitt fyrste landslagsmål i ein EM-kvalifiseringskamp mot Romania den 7. juni 2019 på Ullevål stadion.

I sin 26. landskamp, borte mot Gibraltar, tok Ødegaard over som kaptein for Noregs landslag. Han spelte 5 av dei 8 kampane i den suksessrike kvalifiseringa til VM i fotball 2026, grunna skade var han ikkje med i alle. Under sjølve verdsmeisterskapen i USA i juni-juli 2026 spelte han i 4 av 5 kampar. Per 5. juli 2026 hadde han vore med i 72 av Noregs landskampar og skåra 5 mål.

Merittar Spansk cupmeister: 2020 for Real Sociedad Engelsk ligameister: 2026 for Arsenal FC Tapande finalist i meisterligaen: 2026 for Arsenal FC

Ødegaard vart tildelt Gullballen som årets norske fotballspelar i 2019 og Kniksenprisen i 2022.

Kjelder

eu-football

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Strømsgodset-spelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Arsenal-spelarar Kategori:Folk frå Drammen Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2026