Birkeland kyrkje er ei langkyrkje frå 1878 på Nesttun i Fana i Bergen.
mini|venstre|Altarpartiet
Historie I middelalderen låg det ei stavkyrkje på same plassen. Kyrkja er fyrste gong nemna i skriftlege kjelder frå 1329. Mellomalderkyrkjar vart reven og ein ny tømmerkyrkje vart bygd ein gong før 1642. Denne kyrkja kom i privat eige i 1724 då ho vart kjøpt opp av kyrkjeverjene Arne Olsen Øvre Totland og Lars Olsen Øvre Birkeland. I 1839 overtok soknet kyrkja. Tømmerkyrkja vart riven før den nye steinkyrkja vart oppført etter teikningar av arkitekt Giovanni Müller. Kyrkja vart vigsla 21. november 1878 og har 400 sitjeplassar. Kyrkja har tre klokker frå høvesvis 1637, 1665 og 1937.
Inventar
Altertavla i kyrkja er eit oljemåleri signert Anders Askevold i 1879 og synear Jesus svevande. Bilete er ein replika av eit altertavlemåleri i Kaupanger stavkyrkje, målt av Askevold i Paris i 1865.
Kyrkja har teke vare på ei rekkje eldre skattar: Ein apostelfigur frå 1400-talet, eit krusifiks frå 1500-talet, dåpsfat og ljosestake frå 1600-talet, brudebenk frå 1669, ljosarm frå 1708, disk frå rundt 1720, ljosekrone frå 1735, alterkalk frå 1848, messehagel frå 1866 og oblatgjemme og to alterstakar frå 1878.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Hans-Emil Lidén. Birkeland kirke i Norges Kirker, NIKU og KA Birkeland kirke Kirkesøk
Kategori:Kyrkjer i Fana Kategori:Kyrkjer i Fana prosti Kategori:Kulturminne i Bergen Kategori:Norske kyrkjer frå 1870-åra Kategori:Fana