The Princess Bride er eit filmmusikkalbum av den britiske songar-låtskrivaren og gitaristen Mark Knopfler, gjeve ut den 12. november 1987 av Vertigo Records internasjonalt, og av Warner Bros. Records i USA. Albumet inneheld musikk skriven for filmen The Princess Bride i 1987, regissert av Rob Reiner. Albumet inneheld songen «Storybook Love», skriven og framført av Willy DeVille og arrangert av Mark Knopfler. I 1988 vart songen nominert til Oscarprisen for beste song.

Bakgrunn På kommentatorsporet til spesialutgåva på DVD, sa regissøren Rob Reiner at det berre var Mark Knopfler frå Dire Straits som kunne skape musikk som fanga den lunefulle, men likevel romantiske stemninga i filmen. Reiner var fan av Knopfler, men kjende han ikkje før dei arbeidde i lag på filmen. Han sendte manuset til han med håp om at han ville gå med på å skrive musikk til filmen. Knopfler gjekk med på dette så lenge Reiner ein eller annan stad i filmen tok med Coral Sea-capen han hadde på seg som Marty DiBergi i filmen This is Spinal Tap. Reiner fekk ikkje tak i den originale capsen, men fekk tak i ein som likna. Seinare sa Knopfler at han berre spøkte om hatten.The Princess Bride (Special Edition), audio commentary by Rob Reiner, 1987.

Kritikk

I meldinga si for AllMusic gav Johnny Loftus albumet fire og ei halv av fem stjerner, og hylla Knopfler for at han klarte å fange dei forskjellige dramatiske elementa i filmen i musikken sin.

Innhald

Medverkande Musikk Mark Knopfler – gitarar Guy Fletcher – klaverinstrument Willy DeVille – vokal

Produksjon Mark Knopfler – produsent Bill Schnee – miksing Marc De Sisto – lydteknikar Bob Ludwig – mastering Steve Jackson – lydteknikar, miksing («Storybook Love») Deborah Feingold – fotografi

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Princess Bride (album)» frå , den 13. januar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff The Princess Bride på den offisielle heimesida til Mark Knopfler

Kategori:Filmmusikkalbum frå 1987 Kategori:Mark Knopfler-album Kategori:Warner Bros. Records-album