1829 (romartal MDCCCXXIX) var eit normalår som byrja på ein torsdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein tysdag i den julianske kalenderen. Hendingar
Utlandet 4. mars: Andrew Jackson blei president av USA etter John Quincy. 22. mars: Hellas fekk sjølvstyre av Det osmanske riket, noko som avslutta den greske sjølvstendekrigen. Landet fortsette å arbeida for fullt sjølvstende. 29. september: Scotland Yard, den nye britiske politistyrken grunnlagd av Robert Peel, tok til å verka. 4. desember: Sati, skikken med at enkjer brende seg sjølve på likbålet til ektemannen, blei forboden i Bengal.
Noreg 17. mai: «Torvslaget». Samanstøyt mellom militæret og sivile som feira den norske nasjonaldagen på Stortorvet i Christiania.
Fødde
17. januar: Catherine Booth, grunnleggjar av Frelsesarmeen 21. januar: Oscar II av Sverige og Noreg 3. mars: Carl von Siemens, tysk industrialist 10. april: William Booth, grunnleggjar av Frelsesarmeen 24. april: Ludvig Daae, norsk politikar 23. mai: Ole Richter, norsk politikar 8. juni: John Everett Millais, britisk målar og grunnleggjar av den prerafaelittiske brorskapen 16. juni: Geronimo, nordamerikansk indianarhovding
Døde mini|Niels Henrik Abel døydde 7. april 1829
11. februar: François-Joseph Gossec, fransk toneskapar 6. april: Niels Henrik Abel, norsk matematikar 11. oktober: Claus Frimann, norsk prest og diktar