Epsilon (Ε, ε) er den femte bokstaven i det greske alfabetet. Bokstaven svarar til E i det latinske alfabetet.

Bokstaven har mellom anna gjeve opphav til desse omgrepa: I matematikk står ε for eit så lite reellt eller komplekst tal, men større enn infinitesimalt, at ein kan sjå bort frå det i praksis. Ofte nytta som uttrykk for ymse feilverdiar, til dømes i signalhandsaming. I fysikk er ε talet som skildar dielektrisitetskonstanten til eit material.

Kategori:Det greske alfabetet