«Calling Elvis» er ein song skriven av Mark Knopfler og framført av Dire Straits. Han vart gjeven ut på det siste studioalbumet til bandet, On Every Street (1991). Han vart gjeven ut som den første singelen frå det albumet, og nådde 21. plassen i Storbritannia. Han vart sidan gjeven ut på samleplata The Best of Dire Straits & Mark Knopfler: Private Investigations i 2005. Eit konsertopptak av songen finst på konsertalbumet On the Night frå 1993.

Innhald Songen handlar om ein Elvis-fan som trur Elvis Presley framleis er i live, og referer til mange av songane hans som Heartbreak Hotel, Love Me Tender, Don't Be Cruel og Return to Sender, og det populære uttrykket Elvis has left the building. Mark Knopfler har fortalt at han kom på ideen ein dag då han hadde gløymt å lagt på telefonrøyret, og svogeren hans hadde prøvd å få tak i han. Då han endeleg fekk svar sa svogeren at Knopfler var vanskelegare å få tak i enn Elvis.

Musikkvideo Musikkvideoen vart regissert av Gerry Anderson og består av fleire bandmedlemmane som marionettdukker.

Innhald "Calling Elvis" "Iron Hand" "Millionaire Blues"

Lister

Vekeslister Liste (1991)PlasseringBelgia (VRT Top 30 Flandern) 2Europa (Eurochart Hot 100)2Irland (IRMA)2Italia (FIMI) 3Poland (LP3) 1Spain (AFYVE)3US Billboard Mainstream Rock Tracks3US Billboard Modern Rock Tracks25

Årslister Liste (1991)PlasseringBelgia (Ultratop 50 Flandern) 35Canada (RPM 100 Hit Tracks)38Italia (FIMI)17Nederland 41Nederland (Single Top 100) 39

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Calling Elvis» frå , den 4. januar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Dire Straits-songar Kategori:Hyllester til Elvis Presley Kategori:Songar skrivne av Mark Knopfler Kategori:Songar produserte av Mark Knopfler